Strynsvatn Camping og Feriehytter

Strynsvatn Camping og Feriehytter

Strynsvatn Camping og Feriehytter image
Strynsvatn Camping og Feriehytter image
Strynsvatn Camping og Feriehytter image

Strynsvatn Camping ligg nydeleg til med flott utsikt over Strynsvatnet. Her finn du den perfekte basen for å utforske området. I nærleiken finn du Stryn sentrum med gode shopping-moglegheiter, hyggelege pubar, smakfulle restaurantar, kino, sømjehall og mykje meir. Populære attraksjonar som Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen, Nasjonalparksenteret, Gondolbanen til Hoven i Loen, Via Ferrata i Loen, Stryn Sommerski, Hydlaparken, Geiranger og Vestkapp er berre nokre av opplevingane du bør få med deg. Stryn er òg eit paradis for fjellvandrarar med mange merka turstiar til fjelltoppar som Skåla, Storskredfjellet og Kyrkjenibba.

Vi held opent heile året, og resepsjonsbygningen med butikk og kafé er ope i sommarhalvåret. Vi er her for å hjelpe deg med inn og utsjekk eller for tips til attraksjonar eller utflukter som passar for deg og ditt reisefølge. Her er også eit gatekjøkken som held ope i høgsesongen som servere kebab, hamburger med fries og pølse i brød.

Strynsvatn Camping er ein familiedreven campingplass med lang tradisjon innan standard, service, kvalitet og gjestfridom – kort sagt "alt" som, saman med den spektakulære vestlandsnaturen, kan gi deg ei ferieoppleving du vill minnast. Vi ønskjer deg hjarteleg velkommen hit!

Retninger

Vi ligg langs riksveg 15, 12 km aust for Stryn sentrum. Du finn lett fram via google maps.