$apiData['content']['article']['title']

Stryn Sommerskisenter

Stryn Sommerski ligg på Strynefjellet og er lokalisert langs den nasjonale turistvegen Gamle Strynefjellsvegen, som er vinterstengt frå oktober til slutten av mai. Anlegget, som ligg på Tystigbreen, tilbyr ei rekkje spennande aktivitetar i sommarsnøen. Senteret opnar mot slutten av mai og held som regel ope til slutten av juli, avhengig av kor raskt snøen smeltar.

Det høgaste punktet på senteret ligg heile 1300 meter over havet og gir deg tilgang til brebassenget, der det også er mogleg å frikøyre på eige ansvar. Anlegget har 3 skitrekk, 4 nedfartar og ein terrengpark, så her er det noko for alle. Stryn Sommerski er også startpunktet for spanande brevandring på Tystigbreen.

Dersom du ønskjer å oppleve vinter i sommarferien din, med aktivitetar for både store og små, er dette staden for deg. Stryn Sommerski ligg om lag 32 km frå Strynsvatn Camping og byr på ei vakker kjøretur gjennom storslagen, vill og vakker Vestlandsnatur.

Er du klar for å nyte vinteren om sommaren? Då er Stryn Sommerski staden for deg!