Overnatting
På Strynsvatn Camping er vi stolte av å ha eit stort utval av overnattingsmoglegheiter.
Vi har 35 hytter, to sommarhus, ei fjellhytte og 5 leilegheiter til leige. 12 små hytter er av enkel standard, dei andre hyttene og leilegheitene er av høg standard med dusj/wc og oppvaskmaskin. Alle hytter og leilegheiter har uteplass med hagemøblar og fin utsikt over Strynevatnet. Vi tar reinhald og hygiene på alvor og du kan derfor forvente å komme til reine hytter og sanitæranlegg. Sengetøy/handkle og sluttvask er inkludert i romprisen.
Vi har 40 plassar for drop in eller førehandsbestilling til bobil, campingvogner og telt. På plassen har vi to sanitærhus av høg standard med fleire familierom, handikapp rom, eit antall rom med dusj og toalett, kjøkken, oppvaskbenkar, sauna, og eit vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. I tillegg har vi 85 sesongplassar for caravan på plassen.
Velkomen til oss!