1 Søk
2 Velg vare
3 Registrer kunde
4 Bekreftelse
paper.io 2
agar.io
wormate io
Vi har 37 hytter og 4 leiligheiter til leige. 12 små hytter er av enkel standard, dei andre hyttene og leiligheitene er av høg standard med dusj og wc. Alle hytter og leiligheiter har uteplass med hagemøblar. Fin utsikt over Strynevatnet.
På Strynsvatn Camping har vi 40 plassar for caravan, bobil og telt. I tillegg 80 sesongplassar for caravan. Sanitærhus med dusj og wc, sauna, vaskemaskin og tørketrommel. Nytt av året er også bobilutleige. Vi har ein Carado 448 til utleiege
Gode fiskemoglegheiter i Strynevatnet og i Stryneelva. Vi leiger ut 2 båtar og 4 kanoar. Vi har også 7 syklar til utleige. Her er badeplass, leikeplass, biljard,ping pong, grillbu ved vatnet og tursti til fjell og bre
Fiskekort for Strynevatnet og kringliggande elvar får du kjøpe i resepsjonen. Det kostar kr 50 pr døgn, kr 150 for ei veke og kr 250 for årskort. Vi har 2 båtar og 4 kanoar for utleige.
Trådlaust internett er tilgjengeleg over heile plassen. God utandørs dekning, litt varierande innandørs dekning. Gratis oppkobling og ikkje passord. Alle høgstandardhyttene og oppstillingsplassane for caravan har tilgang til kabel TV med 8 kanalar.
Vi har 7 terrengsyklar til utleige. Ta kontakt i resepsjonen.
Tlf Resepsjon: +47 57877543
Vakttelefon : +47 90937121
Mobil : +47 46811767
Epost: camping@strynsvatn.no
Ta kontakt for å få sesongplass.Vi har 80 plassar og det er som regel ventelister frå år til år på ledige plassar. Strynsvatn Panorama: Heilårsplassar for caravan. 13 stk Mestercamp spikertelt med dusj og wc, kjøkken og stor terrasse.
Strynsvatn er ein av 20 campingplassar i PlusCamp kjeden.Vi er fordelt over heile landet og tilbyr overnatting på camping, i hytter og appartments. Aktivitetstilbod på campingplassen og i nærområdet. Hver 8. natt gratis på campingovernatting og kr 200 i rabatt på hytter. Link til PlusCamp