The White House 50
Dette sommarhuset ligg cirka 150 meter aust for innkjørselen til campingen. Det er ideelt for ein stor gjeng, ein stor familie eller to små familiar. Huset har ein herleg, solfylt veranda med kveldssol og ein liten veranda på framsida som gir utsikt over Strynsvatnet og fjella rundt. I tillegg er det ei lita brygge med bordbenk rett over vegen, perfekt for eit morgonbad eller piknik. Ver merksam på trafikken dersom de har med born. Det er grind og gjerde rundt huset, slik at de kan slappe av der med barna eller hunden.
Huset er i moderne stil og har tre soverom i hovedetasjen og eit stort soverom på loftet. To av soveromma har dobbeltsengar, medan det tredje soverommet har ei enkeltseng. På loftet er det fem senger. Stor og god sofakrok med smarttv og lydanlegg. Badet har dusj, toalett og vaskemaskin, og det er også eit ekstra toalett på vaskerommet.
Ta sjansen til å nyte ein avslappande ferie i dette nydelege sommarhuset med plass til alle. Både beliggenheiten og fasilitetene gjer det til ein perfekt stad å lade opp og nyte tida saman med familie og vener.
- Skap
- Vifte
- Peis
- Oppvarming
- Strykejern
- Privat inngang
- Sofa
- Vaskemaskin
- Bad
- Gratis toalettartikler
- Dusj
- Toalett
- Flatskjerm-TV
- Ovn
- Komfyr
- Brødrister
- Grill
- Oppvaskmaskin
- Vannkoker
- Kjøkken
- Kjøkkenutstyr
- Mikrobølgeovn
- Kjøleskap
- Te- eller kaffetrakter
- Balkong
- Uteplass
- Utsikt
- Sjøutsikt
- Hageutsikt
- Fjellutsikt
- Gratis Wi-Fi
- Mineralvann
- Kjæledyr tillatt
- Bluetooth-høyttalere
- Røyking ikke tillatt
- Terrasse